mandag 27. oktober 2008

"Dia de bandera" (flagg-dag, og litt til)











Sist søndag(26.okt) var "Colegio Martin Lutero" utplukka til det ærefulle oppdrag; å delta ved flaggheis på Plaza de Armas i Juliaca. Dette var samanfallande med feiring av Juliaca-dagen, Politiet sin årsdag, samt  1 årsdag-feiring av Colegio Martin Lutero. Lærarar og elevar hadde brukt mykje tid og krefter til å førebu seg; innlæring av marsjering, øving av marsj for skule-korpset samt at alle skulle møte på plazaen finpynta, og vera tidleg ute. Det siste medførte naturleg nok meire venting, men kva gjer vel det på ein slik dag!
Alle - , fleire skuler, institusjonar, politi- og militær-avdeling stod lenge oppstilt i gata som omkransar plaza og flaggstenger, deretter skjer militær drill som høyrer med når flagget skal heisast på ærefullt vis. Fleire prominente fekk anledning å dra litt i flaggsnora, slik at oppdraget(æra) kunne fordelast på fleire.(heriblant og Norma Suni, rektor på C.M.L.)  Deltakarane vart presentert over skurrande høgtalarar, flagga heisa for nasjonal- samt Juliaca-flagg, avsynging av nasjonal- samt Juliaca-sang. På patriotisk vis skal då alle ha høgre handa godt plassert over brystet, der ein forventar hjarta skal vera, samt ansiktet i alvorleg og ettertenksamt uttrykk.
Ei VIP-avdeling(representatntar for innbedne deltakarar) som har stått i trappa mellom flaggstengene, forflytter seg så over til sitteavdeling på sida av gata, militær orkester stiller opp på andre sida av gata, rett imot. - "Forbi-marsj" kan ta til. Alle har lært seg korleis ein skal marsjere i slik samanheng; på militært vis, tilnerma "hanemarsj", dvs med høg beinføring som igjen medfører lett bakoverhelling for overkroppen. Det er interessant å merke seg at dette idealet for marsjering, er gyldig uansett alder eller yrkesgruppe. Bildematerialet over, syner små glimt frå denne "Juliaca sin 17.mai", det er kanskje det næraste vi kjem i norsk referansegrunnlag.
Saman med Colegio Martin Lutero, marsjerte og "Den Norske Skulen" i Juliaca, samt personell tilknytta "Iglesia Evangelica Luterana - Peru" (som er NLM sin samarbeidskyrkje)
Etterpå syntest alle vi norske det hadde vore ein "gild" dag...

2 kommentarer:

Gunhild sa...

Artig og lese. Når jeg ser på bildene lengter jeg til varmen. Jeg våknet til snø i dag, no må jeg ut å koste av bilen. Time hos tannlegen.

Anonym sa...

Hei!
Har vært borte på ferie i to uker. Skal sende en mail. Ha ei fin helg fortsatt. Turid