torsdag 20. november 2008

Gjensynsglede i Crucero

"Vi" har hatt Norges-besøk på feltet(November-08).  Velkjende namn frå oppstarttida til NLM i Peru og Crucero kom på visitt til gamle trakter, for å sjå att gamlelandet etter 19 år, sjå til gamle "hermanos", og kanskje mimre litt. - og eg trur ikkje dei vart skuffa.

Det var Liv Melland, no  med mannen Arve Nordtug,  Torlaug Stangeland saman med venninne og slekting Irene Selstø. Liv og Torlaug, var i sin tid sentrale aktørar i Crucero og omland for å få opp og gå eit helsetilbod til befolkningen, herunder og  oppstart av helsestasjon i Crucero.  Arbeid på helsesida skjedde parallellt med menighets-arbeid. Helsetilbodet er seinare vidareutvikla, og  helsestasjonen får no om dagen bytta namn til "minihospital".

- Og allikevel var det kanskje ikkje helsestasjon som var det viktigaste, men å få hjelpe folket i Crucero med å få dekka aktuelle og akutte behov, for kropp, og for frelse. - Dei same utfordringane gjeld og for oss idag.

Vi let bileta tale for seg,  - glimt frå Crucero - Takk for besøket!









Ingen kommentarer: