mandag 24. november 2008

Pomauca - inntrykk


Flaggheis på plazaen i Pomauca!

Sundag med flaggheis på torget eller plazaen er populært fenomen her i Peru. Ofte går dette ærefulle oppdraget på omgang mellom lag og grupper, slik at flest mogleg  kan få del i offentleg fokus, og takketaler for heiderleg innsats. Sist sundag(23/11) fekk eg (Helge) ta del i denne tradisjonen, denne gongen i landsbyen Pomauca, litt aust for Moho, på aust-sida av Titicacasjøen.Det var den lokale kyrkja av IEL-P (Iglesia Evangelica Luterana en Peru) som var i søkelyset, sjølv var eg berre besøkande, saman med nokre musikalske ungdomar frå Juliaca.

Octavio Maynasa

Hector Apaza
Gregorio Mamani
Raul Mamani



Det var ikkje så mange deltakande utover kyrkja sine folk. Årsaken var at lengre oppe i byen, foregjekk bryllupsfeiring. Så å seie heile den frammøtte flokken gjekk fram for å delta i sangkoret, Gregorio deltok med tale utfrå Salme 119; "Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys på min stig"  Sjølv forsto eg mindre, eg kjem snart tilkort med aymara men nok til å kjenne meg heime. Vi er syskjen i Herren slik det og vart fremma av vitnesbyrd til ei søster, uansett hudfarge, nasjonalitet eller andre forskjellar. Same flokken gjennomførte deretter ein velorganisert "forbimarsj" med flagg, rett framom autoritetspersonene i Pomauca, strategisk plassert på raude plaststolar. Etterpå vart alle invitert til matøkt, - kyrkja i Pomauca sto bak. 





NLM-misjonærar kom alt i 1977 på reise til Pomauca for å spore opp kontaktperson. Namn var overlevert frå amerikansk misjonær(WMPL) som med base i La Paz - Bolivia, tidlegare hadde arbeidd i området. Om det var mogleg var det eit ynskje at NLM måtte fortsetje arbeidet, der WMPL måtte slutte. Kontaktpersonen var Exaltacion Mamani. (far til m.a. Raul) I dag møter vi 2. og 3. generasjons kristne, som også har nød for å dele evangeliet med andre.  - er det ikkje flott?      Dei fleste av ungdomane i denne musikkgruppa (foto) er barnebarn etter Exaltacion.

- Takk, om du er med og ber for kristenflokken i Pomauca...

Ingen kommentarer: